Optimalisering
av personbil, varebil og bobil.
Gjennom Optituning leverar vi optimalisering (chiptuning, tuning, omprogrammering) med skreddarsaum til dei fleste typar køyretøy.
Ved å omprogrammere styreeinheita vil ein kunne frigjere dei kreftene som allereie ligg i motoren. Vi ser ofte at ved samme køyremønster etter optimalisering, ligg normal nedgang i forbruk på mellom 5-15%
Ved utvikling av programvare brukar vi et dynometer som koplast på bilens nav, som kan simulere køyring under alle gitte forhold vi ønsker. Det gir oss ein unik moglegheit til å utvikle ei programvare som er nøye testa, utprøvd og kvalitetssikra.
I dynobenken kan vi i tillegg tilby effektmåling og spesialtilpassa tuning til dei som ønsker å hente ut det absolutte maks.
Dette gir og muligheten for at NM og HK kan dokumenterest for dei som måtte ha behov for det.
Etter optimalisering av din bil, kan du forvente eit lavare forbruk og færre girskift, fordi auka moment fører til at bilen jobbar lettare, og ein treng mindre gasspådrag enn tidlegare for akselerasjon i f.eks motbakker.
Utanom optimalisering kan vi vere behjelpeleg med diagnose og feilsøking. Vi kan løyse andre små og store oppdrag tilknytta motorstyringa i ditt køyretøy, der vi kan fjerne feilkodar permanent om feilen ikkje let seg reparere. Vi kan også klone eller reparere styreeinheiter med intern feil, som er eit mykje rimelegere alternativ enn å kjøpe ein heilt ny styreeinhet frå forhandlar.
DIAGNOSE
Dette gjer vi på mykje kortare tid enn ein ordinær verkstad, der du må bestille time – noko som både gjer det rimelegere og meir kostnadseffektivt for deg som kunde.
EGR
Vi har løysningar som kan spare deg for dyre utskiftingar og nye delar.